Næringsminister Iselin Nybø har lagt frem meldinga "Daglegvare og konkurranse – kampen om kundane".

Vil ha større utval og lågare prisar

Regjeringa foreslår ei rekkje tiltak som kan styrke konkurransen i verdikjeda for daglegvarer.

Daglegvaremarknaden har stor betyding for dei fleste av oss. Difor er det viktig at den fungerer godt, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

I dag har næringsministeren lagt frem meldinga "Daglegvare og konkurranse – kampen om kundane" for Stortinget. Arbeidet har vist at konkurransesituasjonen i verdikjeda er krevjande, og at det er risiko for at forbrukarane betalar meir for maten enn dei må.

- Noreg har høgare prisar og mindre vareutval enn nabolanda våre. Dette vil regjeringa gjere noko med, og foreslår no ei rekkje tiltak, seier Nybø.

Permanent satsing i Konkurransetilsynet

Dei siste to åra har Konkurransetilsynet blitt tilført 6,5 millionar kroner og 8,5 millionar kroner for å styrke handhevinga av konkurranselova i daglegvarebransjen. Eit av tiltaka i meldinga er å innføre ei permanent satsing på daglegvare i Konkurransetilsynet.

- Med denne satsinga kan Konkurransetilsynet oppretthalde den styrkte handhevinga av konkurranselova, auke marknadsovervakinga og vurdere fleire tiltak som kan føre til meir konkurranse, seier næringsministeren.

Eit anna tiltak er å auke kontrollen på innkjøpsprisane, gjennom årlege kartleggingar. Innkjøpsprisar har mykje å seie for lønnsemda til aktørane. På dette området har Konkurransetilsynet kartlagt til dels store skilnader. På grunn av uvisse om kvifor skilnadane oppstår blir det ikkje innført forbod mot prisdiskriminering. Eit forbod kan dessutan ha verknader som høgare prisar.

- Meir kunnskap om kvifor skilnader oppstår er viktig i kontrollen med innkjøpspriser. Vi tek også sikte på å innføre krav til grunngiving frå leverandørar som opererer med store skilnader i innkjøpsprisane, seier Nybø.

Regjeringa vil òg oppretta eit daglegvaretilsyn som skal handheve lov om god handelsskikk, som blei vedteke i mars 2020. Formålet er at avtalane mellom detaljistkjeder og leverandørar blir meir effektive enn utan lova.

Vil ha fleire aktørar

Arbeidet med meldinga har òg vist at det er store etableringshindringar for nye aktørar. Dette kjem i hovudsak av høgare innkjøpskostnader for mindre aktørar og avgrensa tilgang til attraktive butikklokale.

For å gjere tilgangen til butikklokale enklare vil regjeringa vurdere om konkurranseomsyn kan takast inn som eksplisitte omsyn i plan- og bygningslova. Slike presiseringar er gjort i Sverige, Danmark og Finland. Verknader av ein standardisert konkurransetest når nye butikkar blir etablert skal også vurderast.

I tillegg vil regjeringa undersøkje om det er reell tilgang til grossisttenester for nye aktørar, og om det er behov for at tilgangen blir regulert.

Storhushald og offentlege anskaffingar

Ein annan arena for sal av daglegvarer er storhushald. Departementet har bestilt ei utgreiing om verknadene av store offentlege kontraktar. Ein av marknadene utgreiinga tok utgangspunkt i, var storhushaldsmarknaden. I rapporten blir det foreslått at det blir utarbeidd ein rettleiar for korleis offentlege anskaffingar av mat og drikke kan gjerast på ein måte som opnar for små aktørar. Regjeringa vil jobbe vidare med kunnskapen og konklusjonane frå rapporten om verknader av store offentlege kontraktar.

Les hele meldinga her

Powered by Labrador CMS