Lars Sørgard, konkurransedirektør.

20 millionar i gebyr til Norgesgruppen for ikke å ha opplyst om kjøp av butikklokale

Konkurransetilsynet har gitt Norgesgruppen eit gebyr på 20 millionar kroner for brot på opplysningsplikta i samband med kjøp av eit butikklokale.

Det er Konkurransetilsynet som melder dette.

Norgesgruppen kjøpte 16. januar 2018 eit butikklokale i Sædalssvingene 3 i Bergen. Den gongen og no driv Coop daglegvarebutikk i lokalet. Ifølgje opplysningsplikta skulle Norgesgruppen ha informert tilsynet om kjøpet seinast tre dagar etter at avtalen blei gjort. Tilsynet blei først gjort kjend med kjøpet 17. april 2018.

– Tilsynet ser alvorleg på at opplysningsplikta ikkje er overhalde. Plikta til å gje opplysningar om oppkjøp er ein viktig del av Konkurransetilsynet si overvaking av daglegvaremarknaden. Det gjer oss oppmerksame på oppkjøp, og gjer at vi då kan ha moglegheit til å gripe inn viss det er konkurranseskadelig, seier fungerande avdelingsleiar ved avdeling for mat, handel og helse, Beate Berrefjord.

Etter konkurranselova kan eit føretak få gebyr dersom det ikkje overheld plikta til å gje Konkurransetilsynet dei opplysningane tilsynet treng for å kunne utføre oppgåvene sine etter lova.

RegelbrotAlle daglegvarekjeder i Noreg er pålagd ei opplysningsplikt for oppkjøp i verdikjeda for daglegvarer. Årsaka til at kjedene er pålagd ein slik plikt er at også til dømes oppkjøp og fusjonar som ikkje er pålagt å melde fordi dei er små, kan føre til konkurranseskade lokalt eller nasjonalt. Plikta vert sett på som lite byrdefull. Føretaka treng som eit minimum berre å opplyse om kven oppkjøpet gjeld og tidspunktet for gjennomføringa.

– At daglegvarekjedene overheld plikta er viktig for at Konkurransetilsynet skal kunne fange opp strukturendringar i daglegvaremarknaden. Når opplysningane kjem så seint som i denne saka har tilsynet mista høvet til å gripe inn. Dette kan i verste fall føre til at tilsynet blir hindra i å gripe inn mot konkurranseskadelege oppkjøp, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.

Konkurransetilsynet har dei seinare åra observert auka konsentrasjon på fleire ledd i verdikjeda i det norske daglegvaremarknaden. Dette er bakgrunnen for opplysningsplikta, og omfattar alle oppkjøp i daglegvaremarknaden. Oppkjøp av daglegvarebutikkar blir omfatta av opplysningsplikta, sjølv om oppkjøparen ikkje overtar drifta av sjølve butikklokalet.

Powered by Labrador CMS