Vektarar redda 285 liv
Norske vektarar redda i fjor 285 liv på landsbasis, viser nye tal.
Ifølgje statistikk for sikkerheitsbransjen gav vektarane førstehjelp 2.120 gonger i fjor, opplyser NHO Service, som organiserer så å seie heile denne bransjen.
I ei pressemelding skriv organisasjonen at livreddande innsats på kjøpesenter og andre offentlege stader er ei stor oppgåve for vektarane, som ofte er dei første på staden når ei hending oppstår.
Tilfella av førstehjelp er i samband med alt frå hjartestogg, overdosetilfelle, drukning, blødingar og mindre skadar. 2.120 tilfelle av førstehjelp er det høgste som er registrert så lenge statistikken har vore ført.
I 2015 gav vektarar til samanlikning førstehjelp til 1.830 personar.
(©NPK)